Nokre gonger

undrast eg på korleis min kropp kunne skapa deg, i eit så storarta bilete som eg såg vart godt!

Mitt nervesystem har etter ein lengre nedeperiode vert sette i drift att.

Min harddisk har forstått på ny at du og eg høyrer ihop!

I kveld er det berre deg og meg. So klart du skal få ligge i «lit maman», som di fransk-språklege medmor kallar ho. 

«Lit maman» er ein oase i livet. Ho kan ikkje samanliknast med den spesialtegna senga di med hylletrapp, kosekrok og skrivepult, som me betalte fleire titalls tusen for. Ho har allikevel store manglar.

Der eg ikkje kan gje deg trampolineparkar, leikeland og fornøyingsparkar med sukkerspinn, kan eg få nervesystemet ditt til å samspele med amygdala og prefrontal cortex. Eg fyller hippocampus med kjensle av tryggleik, og kan slå av alarmsystemet ditt. Eg har nøkkelen. Eg er nøkkelen. Det er alvor til makt.

Fordi eg er meg, og inga annan for deg.

Ein gong låg eg her på same rommet, med mor mi. Ho song «Sur le Pont d’Avignon» til meg, om att og om att på kommando frå meg. Ho hadde sikkert lærd den i franskundervisninga på realskulen i Namsos. No lærde eg den, og monge år seinare kan eg syngja den for deg. For sjølv med din innbitte Nordgards-identitet skal du lære ei fransk-canadisk arv å kjenna. Utafor «lit maman».