Det går bra

Jau takk, det går bra! svarar eg, og det strammar ikkje nokon plass. Ikkje denne breiande uvissa om korleis eg bør ordleggja meg for å ivaretaka noko sanning samstundes med det sosialt akseptable rommet. Ein kan ikkje gje inntrykk av å jamstilla seg med ein utmagra unge under ein sultkatastrofe i Somalia eller Sudan. Eller forelderen til den ungen. Anden går berre jamt og uanstrengt. Andledet viser ikkje tekn til nøling, inga uvisse. Tonefallet er oppadgående, optimistisk. Blikket er kanskje meir til stades, ikkje langt vekke. Svaret kjem naturleg. Ikkje som før, nølande, platt, utan overtyding. Eg kunne høyre det sjølv, at eg ikkje fekk til å lata som. Etter kvart konstruerte eg eit svar som var normativt akseptabelt utan at eg kjende eg laug. «Det går bra nok», med vekt på «nok».

Me har eit drivhus på garden. Eg har laga det sjølv, av gamle vindauge som eg kitta opp og restaurerte. Og med trevirke far min fekk skåre av tømmer han sjølv hogg. Eg bruka lang tid. Frå eg byrja og til det stod ferdig fødte eg ein unge som skreik sammanhengande i fire månader. Reisverket vart stående minst ein vinter før det kom tak på, før eg av rein vankunne måla det heile med oljemåling. No er råten i gang, og det er sakte men sikkert på vei mot ein daude. I fjor planta eg eit ferskentre inni drivhuset, og i år står det med søte hårete ferskenbabyar no i mai. So drivhuset bør eg halde i live, bit for bit. Sjå på det som naturleg vedlikehald, ikkje eit einaste stort prakk. Alt har vorte prakk dei siste åra.

Det er lik som eg ikkje får kjent huda til gutane nok. Eg har ei ustoppeleg trong til å oppsøkje dei, draga fingrane gjennom håret deira, stryke dei på kinna, armane, brystkassa. Ikkje berre av dårleg samvit, men av grenseløs kjærleik og sakn. Endelaust sakn. Eg tapte so mykje i ørska, og vil henta det inn, nett som i ein konkurranse der ein skiløpar prøvar henta inn tapte sekund og minutt.

I fjor fylte eg mange dyrkingssekkar og potter med jord, og planta ut dei tallause tomatplantane og paprikaplantane i drivhuset. Eg sådde so mykje av alt, at ein måtte ha vore gartnar på heiltid for å vinne over. Det var eg ikkje. Eg var mor, eg var dotter, eg var rådgivar, eg tok eit autodidakt sjølvstudium i helsejus, eg var sjuk. Det var ein kald vår, og ein gloheit sommar. Vånda herja, og det same gjorde hønsene. Men eg valgte sjå det som god øving. Kanskje kjem det dager der eiga dyrking blir meir naudsynt.

Ein dag var eg på fotballkamp. Eg tok med Baby R i bilen og kjøyrde ned på skulen og såg storebror spele kamp mot Oppdal. Berre fordi eg hadde lyst, og det kjendest viktig og rett. Vonleg gjentek eg det snart. I dag var me på habiliteringa og fekk konklusjonane frå utrgeiinga. Barneautisme, alt anna enn eit ubetydeleg autismebillete. Alvorleg utveklingshemming. Mogleg ADHD, men det utgreiast fyrst etter ei tid i skulen. Baby R er den same som i går, men skildnaden er at me no eig eit språk. Om enn eit mangelfullt språk. Orda skal ikkje få redusera deg til diagnosar om låg fungering, Baby R. Eg tiltrekkes deg, eg er mor di. Tårane renn om eg slepper dei laus, av kjærleik, medynk, redsle, sorg og trøyttleik om ein annan. Men orda inneheld og det me har prøvd å formidla til omverda. I eit diagnosepapir har du ein alder på to og eit havt år. Du har ikkje apparat til å tolke og forstå verda som oss. Du meistrer ikkje daglege dugleiker. Det vert mykje, det vert ubegripeleg, kjensler vert store og vanskelege og du slit deg ut kvar dag. Men, som eg har sagt monge gonger; Du kjenner glede. Du har smil, latter og humor. Det er mykje.

No er det ein ny vår. Eg byggjar jord, komposterar, plantar tre, sår og dekker naken mold. Ikkje so mykje denne gongen, for eg byggjar og meg sjølv samstundes. Fleire år med ekstrem utbrendheit, utmatting og ekistensielle krisar. Eg aksepterar at det nok tar minst ein sesong til før dyrkeinfrastrukturen er heilt på plass. Eg treng meir system på hyller og vekstlys. Og rett mold til rett tid. Eg trøng vifter for å få luftgjennomstrøyming i rommet, så molda og frøa ikkje berre mugnar, og dei unge plantane vert meir robuste. Hønsene har fått høgare gjerde. Redsla for at morgondagen ikkje skal bli så god er der støtt. Skulestart og SFO til hausten. Ny plass, nye vaksne, nye ungar, ny reiseveg, ny reisemetode. Aleine i ei drosje. Korleis vil alt gå for deg? Og for meg? Kan du handtera det utan å heilt mista grepet? Kan eg meistre å ikkje tenkje meg ihjel på deg? Kan eg orka meirarbeidet? Eg andar ikkje uanstrengt når eg tenkjer på det no. Det vert stivare. Det heiter sikkert noko fancy på latin eller gresk.

Etter nokre veker med tjenester som me sårt har behøvd, byrjar eg smått om senn å kjenne att noko tå meg sjølv. Eg tek meir tak, eg likar å vere i lag med ungane mine, men vert jamvel trøytt og tåkete. Ikkje like ofte som før, angiveleg. Snart maktar eg kanskje å vere i lag med andre og, utan å vere i koma. Fatiguen held fortsatt stand, hovudverket er der enno oftare, men alt anna er betre. For fyrste gong skal me på ferietur saman, til ein annan stad enn hytta. I bagasjen har me BPA, ledsagarbevis, HC-parkering, solsikkeband, og vonleg ei trille frå hjelpemiddelsentralen som ikkje tar heile bilen. Og eit pop up-telt som kan brettast heilt flatt. For reisesenga frå hjelpemiddelsentralen tar heile bilen. Me har nøye bestilt leiligheit med eige rom til Baby R så han kan vere skjerma, eige rom til BPA-en, og rom til oss andre. Baby R skal få treffe sitt store idol Kaptein Sabeltann, heilt på ekte. Med heile familien. Om ikkje nokon får farrang, om kreftkontrollen før sumaren er god, om ikkje bilen må på verkstad, om alle verdas attarhald ikkje slår til. In sha’ allah.