Då har me det endeleg svart på kvitt. Me nådde fram til slutt, og eiger no vedtak på over dobbel mengde avlastning, og det i bolig. Attåt fekk me og BPA. Eg kan sjå fram mot noko som liknar på ein meir leveleg kvardag. Samstundes er det vanskeleg å ikkje tenkje på kva ho har kosta denne ferda. Ein ting er dagsverka, energien og emosjonane. Den høgaste prisen er likevel noko eg ikkje kan få att. Den ulevelege situasjonen heime har kosta meg nær all mogleik til å pleie venskap og relasjonar. Eg fekk ikkje gjort far min rett den tida han vart berre sjukare og sjukare. No må eg og bite i meg at ein ven og viktig figur i mitt liv har gått ut av tida utan at eg kunne vere tilstades det vanskelegaste strekket. Ola var så ungdommeleg og sprek i sinnet at eg gløymde at han var førti år gamlare enn eg. Han gav ikkje opp det store samfunnsengasjementet sitt før han vart tvunge av dårleg helse. Tvert om, han kunne bera seg over alle dei pensjonistane som brukte tida si på sydenreiser og på å sitja og sutre med andre pensjonistar, som han sa. Det var da meir enn nok oppgåver å løysa for alle! Eg trur han var den klokaste og mest opplyste eg kjente. Så døydde han rett før eg endeleg skulle treffe han att etter altfor lang tid. Det mangedoblar sorga.
Eg har skrive opp og ned i mente tidlegare om kvifor helse- og omsorgstenester er viktige og riktige. Eg har skrive tallause kronikkar og lesarinnlegg, utan å få særleg mykje respons frå politikarane. Den siste er denne frå september i fjor: Hva handler «forventningsgapet» om? Ein kommune må ha heile omsorgstrappa på plass, for alle grupper brukarar. Det er årtier sidan kommuneøkonomien har vore svakare enn no, og i min kommune er det eit havari utan sidestykke. Det dummaste ein då gjer som kommune er å ikkje ha alle trinna på plass. Har ein ikkje dei nedste, tvingar dei meir omfattande og dyrare løysingane seg fram. Har ein ikkje det øvste, blir det lett lovbrot. Og det gjeld alle typar brukarar, ikkje berre dei eldste som får 99 % av oppmerksemda. Etter dei siste vekene har eg kjensle av å ha flytta fjell. Den kommunale sakshandsaminga har endra seg for fleire enn oss sjølve. Det har endra seg på systemnivå, og det er nett som å endra ein horisont med berre hendene. Om ikkje politikarane har gjeve nevneverdig med lyd frå seg (med nokre unnatak), så høyrer eg desto meir frå andre foreldre i liknande situasjon som oss. Det er takksemd for at eg orkar kampane og tar ein for laget. Eg er så privilegert at eg har orda, eg har evnen til å tileigne meg kunnskap, og eg kjenner det offentlege landskapet. Da er det mi plikt å gjera det, men og naudsynt om eg skal klare å leve vidare.
Sjølv blir eg nok aldri politikar att. Eg har ikkje hovud til saksmengda, og eg har ikkje mage til debattklimaet. Og no har eg ikkje Ola heller, ein av dei viktigaste «rådgjevarane» mine som hjalp meg med dei politiske resonnementa og refleksjonane, og å stå i meg sjølv. Når det er sagt, så har eg vel på nokre vis oppnådd mykje meir dei siste vekene enn eg gjorde alle dei åra eg satt i kommunestyret og formannskapet. Resten av mitt liv skal eg nok halde fokus på å meistre det eg allereie har, og har i sikte: Å vere eit familiemedlem, mamma og ven, arbeidet mitt, byrja spele att, handverk, ski, dyrking og gardsbutikk. Tross avlastning og BPA så har me framleis store oppgåver som omsorgsgjevarar. Eg skal byggje stein på stein og finne att mitt liv. Tross alt har me hanka inn ein siger stor nok til å halde fram med livet sjølv.

TINGENE SØRGER ALDRI
Rart å tenke på at
bjørka du lå og lydde på
så mang ei blåsende natt
med regn i lauvet, stien
over flaberget utafor huset, hagebenken
du snekret av en kløyvd furustamme – alle
disse smålåtne tingene rundt deg
skal være til i verden
lenge
etter at du har bygslet
tre alen jord på kjerkegarden…
Og tingene
sørger aldri over oss.
Selv ikke dette vesle blå bordet
du satt og skrev ved i stjålne stunder
vil noensinne ønske deg tilbake.
Hans Børli
Fra Vinden ser aldri på veiviserne, 1976